Heavysheep Sidekick
13. Feb

«Jotunia» var ein kort film eg lagde som eit eksperiment i å blande kontrastfyllt filmmusikk frå eksisterande skrekkfilmar (først og fremst giallo) med eigentleg ganske meiningslaust råmateriale. For å trekke det lengre la eg på enkle spesialeffektar som er tilgjengeleg i videoredigeringsprogrammet iMovie HD for Mac OS X, dette for å gi inntrykket av at materiale er ekte arkivfoto frå skrøpelege filmrullar, faktum er at dette ganske enkelt er opptak med digital kompaktkamera. Råmateriale var i utgongspunktet 15 sekundar, som du ser er sjølve filmen ei stykke lengre. Ved å køyre revers mot slutten av videoen har eg håpt å oppnå eit surrealistisk preg, skape mystikk og gi dette ei guffen stemning. Guffen eller ikkje, for å få maks ut av videoen bør ein kjenne personen som er med, utan at dette gjer produksjonen nemneverdig betre.

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness

Generelt

Innlegg RSS
Kommentarar RSS
Om Heavysheep

Mapper

Folk

Stikkord

Last.fm

Last