Heavysheep Sidekick
20. Feb

ChaosDette er ein opplagt mockup av filmplakaten til Anton Corbijns «Control», der planen var å behalde det stilreine til tross for den nye tittelen «Chaos».

Bak ‹rotet› som bildedelen er blitt til ligg tanken om å kunne skape assosiasjonar til funky hallusinasjonar som gjerne kjem fram på film under LCD-trippar og denslags (eg tenker med glede på ei herleg scene i den elles skuffane «The Trip» med Peter Fonda frå 1967), men like fullt gjere det i svart/kvitt. Teksten under trekk dette vidare innpå ideen om dette som ein god gammal exploitationfilm. Så tittelen… Og til slutt, under det kjem altså det ‹antireklamestuntet› ved å innrømme at ingen vil ha namnet sitt med, difor Alan Smithee. For dei som ikkje er kjent med pseudonymet Alan Smithee, eg saksar frå Wikipedia:

«Alan Smithee, Allen Smithee, Alan Smythee, and Adam Smithee are pseudonyms used from 1968 to today by Hollywood film directors who wanted to be dissociated from a film for which they no longer wanted credit. It was used when the director could prove to the satisfaction of a panel of members of the Directors Guild of America (DGA) and Alliance of Motion Picture and Television Producers that the film had been wrested from his or her creative control. The director was also required to keep the reason for the disavowal a secret.»

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness
15. Feb

Dead Actually miniGeorge A. Romero sine zombiefilmar er utruleg kjekke, spesielt «Night», «Dawn» og «Day». Denne parodien på «Love Actually» plakaten er ikkje djupare i betydninga enn som så.

Bildemanipulering i Photoshop er ikkje så krevande, med litt tid går det meste seg greit til. Denne plakaten er ingen kunstverk frå mi side, den vanskelegaste oppgåva i dette (og mange andre) tilfelle har vore å funne rette eller tilnærma skrifttype.

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness

Generelt

Innlegg RSS
Kommentarar RSS
Om Heavysheep

Mapper

Folk

Stikkord

Last.fm

Last