Heavysheep Sidekick
22. Apr

Eit par venner av meg har laga litt musikk på hobbybasis og spurte om eg ville hjelpe til på musikkvideoen. Eg har altså holdt digitalkameraet som blei brukt til filminga, ikkje akkurat det ein kallar optimalt videoutstyr, i tillegg var eg med på redigeringsprosessen som blei gjort unna på rundt 6 timar. Personleg er eg ganske fornøgd med resultatet og vel difor å dele det her.

 
Skriv kommentar (1 hittil) - Publisert av ness
18. Feb

«Eagle vs. Shark», ein av 2007s mest etterlengta filmar for vedkommande; lovande trailer, Jemaine Clement frå Flight of the Conchords og nerdeslossing. Filmen, frå New Zealand, har mange flotte sekvensar, dette er få og korte utdrag av nokre. Til musikk av The Thrills («Saturday Night»).

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness
13. Feb

Musikk av Nada Surf («Happy Kid») og video frå filmen «Lars and the Real Girl» er grunnlaget for denne kollasjen der meininga har vore å trekke fram nokre flotte augeblikk frå filmen, legge på ein song som ikkje er frå soundtracket og heller ikkje er med berre for å forsterke bilda, men også gi rom for eiga meining. Dette er ei blanding av morsomme, triste og nøytrale moment.

Av redigeringsprogram har eg utelukkande brukt Mac OS X reiskap som iTunes, QuickTime og så iMovie HD (føretrekk denne framfor iMovie 08) til å redigere. Ingen effektar er brukt, dette er reine klypp frå filmen.

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness

Generelt

Innlegg RSS
Kommentarar RSS
Om Heavysheep

Mapper

Folk

Stikkord

Last.fm

Last