Det var tider, då dette spelet blei spelt for alt det var verdt!
Eit par venner av meg har laga litt musikk på hobbybasis og spurte om eg ville hjelpe til på musikkvideoen. Eg har altså holdt digitalkameraet som blei brukt til filminga, ikkje akkurat det ein kallar optimalt videoutstyr, i tillegg var eg med på redigeringsprosessen som blei gjort unna på rundt 6 timar. Personleg er eg ganske fornøgd med resultatet og vel difor å dele det her.
Når eg no testa Lotus 3 for første gong på gudsens mange år fekk eg bra fartsfølelse i kroppen. Her er ein gameplayvideo.
Skrytepost.
Eg har kjøpt solbriller, ingen Ray Buns eller Dihor på meg, men ekte pilotbriller, American Optics, dei stod bak dei originale pilotbrillene som først kom i 1958 og er dei mest brukte visstnok. Skal det vere så skal det vere. Dei kosta ikkje meir enn 50 dollars då, noko som er overkommeleg for den som har lyst på briller til meir enn 20kr, men mindre enn 2.000.
Ja, også er det litt anna feste bak øyrene enn det på bilde, meir tradisjonelt bøygde.
I vinter har eg hatt problem med sykkelen, eit slikt problem som har vore akkurat så lite at det ikkje har brydd meg å fikse det. Likevel så har problemet vore eit stadig irritasjonsmoment. Det er snakk om giret, når eg har lagt meg på dei 5 tyngste hakka på bakdelen har giret til stadigheit hoppa. No har det ikkje vore eit så stort problem ettersom eg, tross piggdekk, ikkje har sykla særleg når det har vore vått, snø eller kaldt. Dvs. heile vinteren i Trondheimsamanheng.
I dag tok eg stjerneskrujernet i handa, gjekk ut døra og brukte eit par minutt på å justere giret. Alt er fryd og gammen no.
Sånn reint hypotetisk, kva seier ein i begravelsen til eit skikkeleg «Seinfeld»-fan?
«XX blei født og oppvokst i Oslo, yada yada yada, kvil i fred!»?
Barnetv, barne-tv, barne-TV, barne tv, barne TV, barnetelevisjon, barnet.v., barne t.v., barneTV, barne Tv, barneTv, barne-Tv. Kva er rett?
I dag fekk eg lyst på iskaffi, men eg orka ikkje stikke på butikken, eg blei difor nøydd til å lage iskaffien utan is. Sjokoladepulver er også ei mangelvare, så ingen snev av sjokoladesmak i denne iskaffien, nei.
Ingrediensar
Kaffi, trakta med ICA sin Colombia, min favoritt etter eit par års utprøving, og etter Ebony forsvann frå hyllene, denne var min favoritt før.
Mjølk, Tine Ekstra Lett
Vaniljesukker
Kanel
Og heilt på slutten, i siste skvett testa eg med ørlite kakaopulver, utan hell.
Framgongsmåte
Huh, det skal jo ikkje vere så vanskeleg å tenke seg til. Kaffien må vere kald, eg putta den i frysaren etter den var blitt romtemperert. Der låg den til det byrja danne seg litt is i kantane av plastflaska. Deretter rista eg inn vaniljesukker og kanel, det blei jævlig skummete, så eg måtte vente litt før eg rista inn lettmjølka. Kanelen har det med å skilje seg, eg hadde dessutan altfor mykje oppi. Når det gjeld forholdet mellom kaffi og mjølk er det vel berre lysta på kaffi som set grenser, eg laga ei sterk blanding og blei ganske så rar i magen av spesielt kanelen. Men godt, det var det faktisk, neste gong blir det vaniljeis i staden for lettmjølk og sjokoladepulver i staden for 9/10 av kanelen.
Eg er stor tilhengar av å improvisere middagslaginga, fordi det er eit styr å stadig ha på plass alle ingrediensane til spennande middagar. «Laksegreie» er så mangt, her er dagens:
Ingrediensar:
Laksefilet
Hermetisk mais
Løk
Tomatpure
Olivenolje
Tacosaus (hot)
Kokosnøttmjølk
Tilbehøyr: Tagliatelle. Slik der snurrepasta, Euroshop held i massevis.
1. Steik lakefilet i terningar i lag med løk i olivenoljen til den blir sånn passe steikt.
2. Køyr på med mais, ei spiseskei tomatpure, så mykje tacosaus du måtte ha igjen før du blandar det inn samtidig, du vil jo spare tid.
3. Til slutt har du noko kokosnøttmjølk ståande som du ikkje er sikker på kor mykje du skal bruke av, her må du sjå på klokka og avgjere ut i frå ønske om konsistens og kor lang tid du kan la saken putre i panna.
Serveringstips:
Dump pastaen på eit fat og laksegreia deretter, det smakar faktisk godt og er sterkt nok til at krydder er unødvendig, iallfall om du er like lite kresen som meg. Sikkert godt med nokon grønsaker eller ein salat til, eg gløymte dette i farten.
Dette er altså laga med mange artistar, mange naturbilde, bybilde, osv. Ingenting spesielt å sei på det, eg oppnådda ikkje det bisarre uttrykket eg var ute etter, men er likevel fornøgd med bilde.

