I dag fekk eg lyst på iskaffi, men eg orka ikkje stikke på butikken, eg blei difor nøydd til å lage iskaffien utan is. Sjokoladepulver er også ei mangelvare, så ingen snev av sjokoladesmak i denne iskaffien, nei.
Ingrediensar
Kaffi, trakta med ICA sin Colombia, min favoritt etter eit par års utprøving, og etter Ebony forsvann frå hyllene, denne var min favoritt før.
Mjølk, Tine Ekstra Lett
Vaniljesukker
Kanel
Og heilt på slutten, i siste skvett testa eg med ørlite kakaopulver, utan hell.
Framgongsmåte
Huh, det skal jo ikkje vere så vanskeleg å tenke seg til. Kaffien må vere kald, eg putta den i frysaren etter den var blitt romtemperert. Der låg den til det byrja danne seg litt is i kantane av plastflaska. Deretter rista eg inn vaniljesukker og kanel, det blei jævlig skummete, så eg måtte vente litt før eg rista inn lettmjølka. Kanelen har det med å skilje seg, eg hadde dessutan altfor mykje oppi. Når det gjeld forholdet mellom kaffi og mjølk er det vel berre lysta på kaffi som set grenser, eg laga ei sterk blanding og blei ganske så rar i magen av spesielt kanelen. Men godt, det var det faktisk, neste gong blir det vaniljeis i staden for lettmjølk og sjokoladepulver i staden for 9/10 av kanelen.
