Eg er stor tilhengar av å improvisere middagslaginga, fordi det er eit styr å stadig ha på plass alle ingrediensane til spennande middagar. «Laksegreie» er så mangt, her er dagens:
Ingrediensar:
Laksefilet
Hermetisk mais
Løk
Tomatpure
Olivenolje
Tacosaus (hot)
Kokosnøttmjølk
Tilbehøyr: Tagliatelle. Slik der snurrepasta, Euroshop held i massevis.
1. Steik lakefilet i terningar i lag med løk i olivenoljen til den blir sånn passe steikt.
2. Køyr på med mais, ei spiseskei tomatpure, så mykje tacosaus du måtte ha igjen før du blandar det inn samtidig, du vil jo spare tid.
3. Til slutt har du noko kokosnøttmjølk ståande som du ikkje er sikker på kor mykje du skal bruke av, her må du sjå på klokka og avgjere ut i frå ønske om konsistens og kor lang tid du kan la saken putre i panna.
Serveringstips:
Dump pastaen på eit fat og laksegreia deretter, det smakar faktisk godt og er sterkt nok til at krydder er unødvendig, iallfall om du er like lite kresen som meg. Sikkert godt med nokon grønsaker eller ein salat til, eg gløymte dette i farten.
