13. Mar
Eit rom må ha plakatar, iallfall mitt, for å fylle veggane, gi rommet særpreg, minne meg sjølv på kva som er kult og gi besøkande eit styrt bilde av meg som person. Plakatane under er ikkje blant mine favorittar innan kultur, men like fullt ting eg set pris på, dessutan har grøssarplakatar ofte eit veldig rikt og stilig uttrykk som eg likar svært godt. Dessutan likar eg å bytte ut plakatane etter ei stund.
1. A Nightmare on Elm Street, god film, stilig plakat, nyinnkjøpt.
2. Friday the 13th, usett film, stilig plakat, nyinnkjøpt.
3. Frightmare, usett film, stilig plakat, out of stock - faen!
4. Life on Mars, god serie, grei plakat der kule sitat veg opp, kjøpt tidlegare.

Publisert av ness

Jeg vil bare utnytte sjansen til å juble litt over valget ditt av én spesifikk plakat. Jeg tror du kan gjette hvilken. Hvor fikk du tak i den? *er misunnelig*
http://www.allposters.com/
Funka veldig greitt å bestille derifrå, fine prisar og låg porto. Så ein kan gjerne bestille minst 2 i slengen =)
Veldig opplagt kva plakat du siktar til