Heavysheep Sidekick
27. Mar

I dag fekk eg lyst på iskaffi, men eg orka ikkje stikke på butikken, eg blei difor nøydd til å lage iskaffien utan is. Sjokoladepulver er også ei mangelvare, så ingen snev av sjokoladesmak i denne iskaffien, nei.

Ingrediensar
Kaffi, trakta med ICA sin Colombia, min favoritt etter eit par års utprøving, og etter Ebony forsvann frå hyllene, denne var min favoritt før.
Mjølk, Tine Ekstra Lett
Vaniljesukker
Kanel
Og heilt på slutten, i siste skvett testa eg med ørlite kakaopulver, utan hell.

Framgongsmåte
Huh, det skal jo ikkje vere så vanskeleg å tenke seg til. Kaffien må vere kald, eg putta den i frysaren etter den var blitt romtemperert. Der låg den til det byrja danne seg litt is i kantane av plastflaska. Deretter rista eg inn vaniljesukker og kanel, det blei jævlig skummete, så eg måtte vente litt før eg rista inn lettmjølka. Kanelen har det med å skilje seg, eg hadde dessutan altfor mykje oppi. Når det gjeld forholdet mellom kaffi og mjølk er det vel berre lysta på kaffi som set grenser, eg laga ei sterk blanding og blei ganske så rar i magen av spesielt kanelen. Men godt, det var det faktisk, neste gong blir det vaniljeis i staden for lettmjølk og sjokoladepulver i staden for 9/10 av kanelen.

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness
26. Mar

Eg er stor tilhengar av å improvisere middagslaginga, fordi det er eit styr å stadig ha på plass alle ingrediensane til spennande middagar. «Laksegreie» er så mangt, her er dagens:

Ingrediensar:
Laksefilet
Hermetisk mais
Løk
Tomatpure
Olivenolje
Tacosaus (hot)
Kokosnøttmjølk

Tilbehøyr: Tagliatelle. Slik der snurrepasta, Euroshop held i massevis.

1. Steik lakefilet i terningar i lag med løk i olivenoljen til den blir sånn passe steikt.
2. Køyr på med mais, ei spiseskei tomatpure, så mykje tacosaus du måtte ha igjen før du blandar det inn samtidig, du vil jo spare tid.
3. Til slutt har du noko kokosnøttmjølk ståande som du ikkje er sikker på kor mykje du skal bruke av, her må du sjå på klokka og avgjere ut i frå ønske om konsistens og kor lang tid du kan la saken putre i panna.

Serveringstips:
Dump pastaen på eit fat og laksegreia deretter, det smakar faktisk godt og er sterkt nok til at krydder er unødvendig, iallfall om du er like lite kresen som meg. Sikkert godt med nokon grønsaker eller ein salat til, eg gløymte dette i farten.

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness
17. Mar

Dette er altså laga med mange artistar, mange naturbilde, bybilde, osv. Ingenting spesielt å sei på det, eg oppnådda ikkje det bisarre uttrykket eg var ute etter, men er likevel fornøgd med bilde.

FM2

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness
16. Mar

Simon & Garfunkel
Simon and Garfunkel

Smak lik på desse to variantane, kva er forskjellen? Jo, greia er, «&» blir som regel brukt i dei tilfella der hensynet er å knytte personar eller ting ekstra saman, ved å bruke «and» blir ikkje forholdet mellom desse så tett. Ofte blir «&» og «and» brukt fram og tilbake, ofte på grunn av den større støtten for bokstavane a, n og d enn for &, ettersom & gjerne blir brukt i kode og det krev tiltak for å gjere denne brukandes til meir.

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness
13. Mar

Eit rom må ha plakatar, iallfall mitt, for å fylle veggane, gi rommet særpreg, minne meg sjølv på kva som er kult og gi besøkande eit styrt bilde av meg som person. Plakatane under er ikkje blant mine favorittar innan kultur, men like fullt ting eg set pris på, dessutan har grøssarplakatar ofte eit veldig rikt og stilig uttrykk som eg likar svært godt. Dessutan likar eg å bytte ut plakatane etter ei stund.

1. A Nightmare on Elm Street, god film, stilig plakat, nyinnkjøpt.
2. Friday the 13th, usett film, stilig plakat, nyinnkjøpt.
3. Frightmare, usett film, stilig plakat, out of stock - faen!
4. Life on Mars, god serie, grei plakat der kule sitat veg opp, kjøpt tidlegare.

Posters

 
Skriv kommentar (2 hittil) - Publisert av ness

Generelt

Innlegg RSS
Kommentarar RSS
Om Heavysheep

Mapper

Folk

Stikkord

Last.fm

Last