Heavysheep Sidekick
28. Feb

Innrøm det, YouTube tilbyr ikkje den beste kvaliteten på opplasta videofiler, iallfall ikkje endå. Har du som formål å dele ein video på nettsida di utan at du bryr deg om «alt det andre» YouTube står for (les: online society bla bla bla), prøv nokre av dei andre tenestene. Sidan eg ikkje har gjort ein grundig sjekk kan eg berre anbefale Viddler som eit startpunkt.

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness
20. Feb

ChaosDette er ein opplagt mockup av filmplakaten til Anton Corbijns «Control», der planen var å behalde det stilreine til tross for den nye tittelen «Chaos».

Bak ‹rotet› som bildedelen er blitt til ligg tanken om å kunne skape assosiasjonar til funky hallusinasjonar som gjerne kjem fram på film under LCD-trippar og denslags (eg tenker med glede på ei herleg scene i den elles skuffane «The Trip» med Peter Fonda frå 1967), men like fullt gjere det i svart/kvitt. Teksten under trekk dette vidare innpå ideen om dette som ein god gammal exploitationfilm. Så tittelen… Og til slutt, under det kjem altså det ‹antireklamestuntet› ved å innrømme at ingen vil ha namnet sitt med, difor Alan Smithee. For dei som ikkje er kjent med pseudonymet Alan Smithee, eg saksar frå Wikipedia:

«Alan Smithee, Allen Smithee, Alan Smythee, and Adam Smithee are pseudonyms used from 1968 to today by Hollywood film directors who wanted to be dissociated from a film for which they no longer wanted credit. It was used when the director could prove to the satisfaction of a panel of members of the Directors Guild of America (DGA) and Alliance of Motion Picture and Television Producers that the film had been wrested from his or her creative control. The director was also required to keep the reason for the disavowal a secret.»

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness
18. Feb

«Eagle vs. Shark», ein av 2007s mest etterlengta filmar for vedkommande; lovande trailer, Jemaine Clement frå Flight of the Conchords og nerdeslossing. Filmen, frå New Zealand, har mange flotte sekvensar, dette er få og korte utdrag av nokre. Til musikk av The Thrills («Saturday Night»).

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness
16. Feb

Top Gear«Top Gear» er det beste tv-programmet som ikkje er fiksjonsserie, sopass innprenta i mitt årlege tv-program at tida utanom blir brukt til å utforske vinprogram med James May og lage posters til ære for serien.

Dette er vel langt i frå mitt beste arbeid, utklyppinga og innliminga av bilde er vel strengt tatt veldig dårleg, men ideen er vel fin?

 
Skriv kommentar (1 hittil) - Publisert av ness
15. Feb

Dead Actually miniGeorge A. Romero sine zombiefilmar er utruleg kjekke, spesielt «Night», «Dawn» og «Day». Denne parodien på «Love Actually» plakaten er ikkje djupare i betydninga enn som så.

Bildemanipulering i Photoshop er ikkje så krevande, med litt tid går det meste seg greit til. Denne plakaten er ingen kunstverk frå mi side, den vanskelegaste oppgåva i dette (og mange andre) tilfelle har vore å funne rette eller tilnærma skrifttype.

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness
13. Feb

Musikk av Nada Surf («Happy Kid») og video frå filmen «Lars and the Real Girl» er grunnlaget for denne kollasjen der meininga har vore å trekke fram nokre flotte augeblikk frå filmen, legge på ein song som ikkje er frå soundtracket og heller ikkje er med berre for å forsterke bilda, men også gi rom for eiga meining. Dette er ei blanding av morsomme, triste og nøytrale moment.

Av redigeringsprogram har eg utelukkande brukt Mac OS X reiskap som iTunes, QuickTime og så iMovie HD (føretrekk denne framfor iMovie 08) til å redigere. Ingen effektar er brukt, dette er reine klypp frå filmen.

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness
13. Feb

«Jotunia» var ein kort film eg lagde som eit eksperiment i å blande kontrastfyllt filmmusikk frå eksisterande skrekkfilmar (først og fremst giallo) med eigentleg ganske meiningslaust råmateriale. For å trekke det lengre la eg på enkle spesialeffektar som er tilgjengeleg i videoredigeringsprogrammet iMovie HD for Mac OS X, dette for å gi inntrykket av at materiale er ekte arkivfoto frå skrøpelege filmrullar, faktum er at dette ganske enkelt er opptak med digital kompaktkamera. Råmateriale var i utgongspunktet 15 sekundar, som du ser er sjølve filmen ei stykke lengre. Ved å køyre revers mot slutten av videoen har eg håpt å oppnå eit surrealistisk preg, skape mystikk og gi dette ei guffen stemning. Guffen eller ikkje, for å få maks ut av videoen bør ein kjenne personen som er med, utan at dette gjer produksjonen nemneverdig betre.

 
Skriv kommentar (0 hittil) - Publisert av ness

Generelt

Innlegg RSS
Kommentarar RSS
Om Heavysheep

Mapper

Folk

Stikkord

Last.fm

Last